SOPE O RIVE

TEKST: SYNNE GRIMSÆTH

FOTO: FILIP GLEZGO

Teksten er hentet fra Prosopopeia nr. 1-2 2025 GJENGANGERE


Ei side her, ei side der, eg unne mei ei side her, i svarteboki, eg meine, det må vær lov ein gong imellem. Eg bær på, ho Pesti ho bær på slik ei skam ingen menneskij he bært på.
I dag va d tungt på arbæj. Hellsikens tungt å kåma sei til neste bygd va d. Tungt e d å bære sei sjøl yve vatn, berg og dalar, aldri stans o kvil, alltid sope o rive o drepe for Dauden. Langskranglet e eg, gamall, veit du, halvdau e eg.
Eg treng skyss.
I dag ropa eg yve fjellet etter ein mann som gjekk så støtt o stadig. Eg ropa o ropa; eit rop av gongen. Eg bar mei nærare o nærare. Til slutt spurde han «Kem e der?». Da sneik eg mei opp den stærke ryggen han sin, varmde mei på varma han si o svarde:
«D e Pesti»
O han skalv til, eg kjende d i kroppen hans. Han sakk den støe farta si o virket brått trøytt til beins, men trøyttere enn mei va han ei, så eg heldt fram å klamre mei til, lot den spisse kroppen min skrape sei i han.
Han vende sei mot stien oppovar, oppovar? Han kleiv til fjells, ein omvei ner til dalen, kanskje, oppovar?
Menneskij har d med å gjere d tyngre for sei sjøl.
På toppen oppe på d øvste tind satt han sei o blei sitjande. Eg kjende mei frustrert, vrei mei øvst på ryggtindet. Så tok eg han dypt i hårfestet han sitt,
masserte han i hodebund. Pelsen omfavna knokkelfingri. Eg bad med mi vakreste stemme, lys o med klang, om han ikkje kunne bære mei ner til bygda si?
Eg lovde han at han sku sleppa unna sotti, unna Dauden, få levva. Han greide ikkje stå imot det tilbaudet.
Menneskij grip seg alltid unna slutten.
Han gjekk fortare nedyve, han ramla nærmest ner frå fjellet.
D suste godt i mei.
Men eg lovde for mytji, for eg fann han her i svarteboki mi. Eg viste han den svarte sida, o han blei dødsens mørk i augo då han så sitt kvite navn. Eg blei så mild til sinns av denne here varme herremann at eg greip om pennen her o strauk o strauk over navnet. Han skukkje stryke med.
Sida blei som nattehimmel, svart o med eit par små stjerni.
Ein letta o fortumla mann framfor mei. Ei smule stjerne satte rot i augokroki.
Bak han fann eg bygda. Her va d rotet, tenkte eg, o tok fram sopelimen min, ikkje rivo som slapp nokre mellem tindi, her måtte ryddes, herjes sa menneskij, men eg rydda berre i plikt, sop sop sopa eg, o dei døydde alle som ein, alt støvet, alle smuler rydda eg, det blei rydda.
D va berre d at ei smule sku bli spart, rasjonert sku han bli, men stakkars Pesti bestemm ikkje yve Dauden, berre eit verktøy o ei budbringjar e eg, ein mordar hyra inn e eg, så smulen den blei sopt, mannen han blei dau, bygda her blei tømd.
Inga god o varm smule til overs, ikkje ein rygg, ein som bære.
Best slik sekkert.
Mildare daud fekk han nåvel, likevel, liket vel. For kem e vel lysten på eit liv i einsemd?
Kem av dei varme, meine eg.

Legg igjen en kommentar